Kva er PLN, mitt PLN og korleis kan eg bruke det?

Kva er PLN?

Tobin (1998) seier at «Et personlig læringsnettverk er eit nettverk av mennesker som du har kontakt med for å lære» (Hagelia, 2013).

Bilderesultat for PLN personlig læringsnettverk

Siemen og Downes (2005) seier at PLN står for Personleg læringsnettverk, og det har sin opprinnelse i konnektivismen (Hagelia, 2013). Det  vere på nett og lære gjennom nett, er noko som er veldig sentralt i dagens samfunn, vi har kontakt med folk over heile verda. På nettet kan ein også finne so og sei alt av kunnskap. Er det noko ein lurer på så er man berre nokre tastetrykk for å finne ut av kva enn ein måtte lure på.

Det finst mykje kunnskap i verda, og denne doblar seg kvar 18 månad, kunnskap er også noko som ikkje lenger berre finst i hovudet vårt (Hagelia, 2013). PLN er ikkje noko som berre relevant for studentar, men også for dei som har komt seg ut i jobb. Ein kan vere medlem av ulike grupper på nettet, der ein delar relevant kunnskap med kvarandre. Det er nettopp dette PLN er, ein delar kunnskap og idear med kvarandre over nettet. (Norgesuniversitetet, 2013)

 

Kva er mitt PLN?

Når eg tenkjer på kva som er inngår i min PLN, er eg overraska over at det er mange ting eg ikkje har tenkt over som inngår i min PLN. På facebook er eg med i ulike grupper der relevant kunnskap for meg blir delt av andre, og eg delar med dei. Det å nytte fronter gjennom skulen er også noko som går inn på min PLN, og no har også Canvas vorte ein plass eg kan dele og få kunnskap.

Bilderesultat for PLN personlig læringsnettverk

Det at eg også har oppretta ein blogg gjer at eg delar min kunnskap med andre, og kan få idear tilbake eller kommentarar på det eg skriv om. Eit anna verktøy eg likar å nytte gjennom jobb er Pinterest, her kan eg få mange interresante idear frå folk over heile verda. Dette er ein verktøy eg starta å nytte medan eg var på utveklsing i Australia, og syntest dette var ein flott måte å få idear på. Eg ser på det å kunne dele kunnkap med andre som veldig lærerikt, det å få tilbakemeldignar på det ein har skreve.

 

Korleis bruke PLN?

Eg vil her halde fokuset på barn i barnehagen, sidan det er der eg jobbar. Dei eldste barna i barnehagen har kunnskap om korleis bruke teknologien (mobil, data, nettbrett osv.), og dette er også noko som vi tar inn i barnehagen. Vi tar i bruk teknologien på ein pedagogisk måte, der barna lærar for eksempel nye bokstavar, fargar, tal osv.

Bilderesultat for barn og data

Når det kjem til PLN, som handlar om å dele kunnskap og idear med kvarandre over nett, så er dette noko som vi vaksne må veilede og hjelpe dei med. Dei kan søke på google og på youtube saman med ein vaksen, dette for å få kunnskap. Det å dele sin kunnskap og idear med andre over nett er noko som kanskje ikkje er like enkelt for dei å gjere. Som nyutdanna kan det vere plattformer der dette er mulig for barn, som eg ikkje har fått med meg, men med det eg veit no så kan eg ikkje seie at dei kan få gjere dette over nettet.

 

Kjelde

Hagelia, M. (2013, 20.februar). Moderne Kollokvie – Personlig Læringsnettverk (PLN)[Blogginnlegg]. Henta frå https://dataskole.wordpress.com/2013/02/20/kollokvie-anno-2013-personlig-laeringsnettverk-pln/

 

Norgesuniversitetet (2013). Personlig Læringsnettverk for framtidens IKT-støttet læring. Henta 09.oktober 2016 frå https://norgesuniversitetet.no/prosjekt/personlig-laeringsnettverk-for-framtidens-ikt-stottet-laering

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: